PRIVAT KOKK & MENY
Joakim Langeteig – kokken bak matopplevinga på Hugin
På Hugin er maten meir enn eit måltid. Han er ein del av opplevinga – ein fusjon mellom notid, norrøn arv og dei beste råvarene Sogn har å by på.
Med over ti års erfaring frå gourmetkjøkken, mellom anna som kjøkkensjefved Walaker Hotell, kokk ved Fossheim Hotel i Lom og kjøkkensjef ved ærverdige Leikanger Fjordhotell, har Joakim utvikla ein matfilosofi med djupe røter i Sogn. Derfor har me handplukka han som den private kokken for gjestene våre på Hugin.
Med råvarer frå fjorden, fjella, gardane og frukthagane skapar han sesongbaserte menyar der moderne gastronomi møter historia og naturen rundt Ramnereiret.
Kvar servering er nøye komponert for å spegle landskapet, kulturarven og smakane som har prega regionen gjennom generasjonar. Målet er ikkje berre å servere eit måltid, men å skape ei heilskapleg oppleving der natur, historie og gastronomi smeltar saman – frå første servering til siste smak.
For mange av gjestene våre blir dette eit av høgdepunkta under opphaldet.
Vel di matoppleving
Vel mellom 3-, 4- eller 5-retters meny, og nyt ei matoppleving der sesongens beste råvarer står i sentrum.
Kokken let seg inspirere av årstidene og det naturen har å by på. Kvar meny blir sett saman med utgangspunkt i dei beste råvarene som er tilgjengelege, med fokus på kvalitet, smak og lokale ingrediensar. Difor varierer menyen gjennom året – og det er nettopp det som gjer kvar matoppleving unik.
Har du allergiar, matrestriksjonar eller spesielle ønskje? Gi oss beskjed når du bestiller, så tilpassar kokken menyen etter dine behov.
Prisar og praktisk informasjon
Privat kokk:
kr 5 600 for éin dag
kr 4 600 per dag ved fleire påfølgjande dagar (gjeld også første dag)
Menyar:
3-retters middag: kr 1 380 per person
4-retters middag: kr 1 610 per person
5-retters middag: kr 1 840 per person
Praktisk informasjon:
Middag med kokk må bestillast seinast ei veke før opphaldet.
Ramnereiret har ikkje skjenkeløyve, men gjestene kan ta med eigne drikkevarer. Kokken kjem gjerne med forslag til drikke som passar til menyen.
Allergiar og spesialbehov:
Gi oss beskjed i god tid om matallergiar, intoleransar eller andre kostbehov, så tilpassar vi menyen